Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

Stord - Bergen Vest 38-24

09.11.2017
Sesongens andre kamp for herrelaget på Vikahaugane endte med storsiger. Etter ein litt rufsete start kor gjestene kom for lett til mål, fekk vertane kontroll på kampen. I angrep vart ein malhungrig Vegard Hareide spelt opp gong på gong, og han stod faktisk for alle Stord sine fem første mål!
 
Bergen Vest kom til Stord med med berre sju spelarar, og planen til Stord var å halde høgt tempo for å slite ut motstandaren. Gjestane heldt følge med Stord til pause, men etter kvilen vart det for tungt for bergenserane. Vegard Hareide stoppa ikkje før han hadde notert seg for 16 fulltreffarar i det som til slutt enda i ein komfortabel 38-24-siger. 

Herrene går inn i ein god treningsperiode frem mot neste kamp, kor topplaget Bjørnar kjem til Vikahaugane søndag 19. november. 
 
Me sjåast i hallen!
 
 
 
 
Kontakt oss
Kalender