Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

Gikk seirande ut av mestermøtet!

18.12.2017

Lørdag vart Stord Handball sine fremste representantar for idrettsglede, Stord United, satt pris på i samband med herrelaget sin 2. divisjonskamp mot Stryn på Vikahaugane. 

Under Landsturneringen vart Stord United heidra med Fair Play-prisen, og Stord Handball ville gje denne fantastiske gjengen ei lite merksemd i den anledningen. Før herrekampen samla me Stord United og Stord Legends til litt pizza og brus - og utdeling av dei heilt unike gulldraktane til Stord United! Etterpå fekk 2. divisjonslaget æra av å springa inn til kamp med Stord United. 

 

I pausen på herrekampen var det klart for showkamp mot Stord Legends, eit lag satt saman av eit knippe Stord-legendar på herresida. Det vart ein tett og jamnspelt kamp - sjølvsagt med preg av Fair Play frå begge laga - som Stord United til slutt vann 3-2 over slukøra legendar :)



Stord United frå venstre: Mats Rasmussen, Jørund Innvær, Jakob Sørensen,
Laila Absalonsen, Are Skogvold, Ingrid Håvardsholm, Sondre Dalsbotten,
Runar Skogedal, Agnes Helen Munkejordet og Stig Økland





Stord Legends frå venstre: Bjørn Lindgård, Jonathan Gniste, Terje Tvedten,
Henning Hauge, Gaute Epland, Åge Valdal-Østensen, Thomas Johansen og Anders Titland.

Takk til både Stord United og Stord Legends for eit kjekt førjuls-arrangement!

Kontakt oss
Kalender