Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

Stord - Ski 25-28

24.10.2017

Herrelaget fekk ein god start på sesongen med fire poeng på to vanskelige bortekampar mot Bergsøy (26-25) og Stryn (28-26) tidlig i september. Deretter kom to tøffe bortekampar i Bergen kor Kjøkkelvik (22-26) og FyllingenBergen 2 (28-38) vart for sterke for guttene. 

Lørdag var det klart for sesongens første heimekamp mot Ski, og guttene var veldig klare for å visa seg fram foran heimepublikummet på Vikahaugane. Kampen starta bra, og forsvaret satt godt saman ein opplagt Tor Christian Sæbø i mål. Framover viste Vegard Hareide og Nils Kristian Blom fine takter. Bortelaget var av det unge slaget, men godt skulerte og med god fysikk held dei godt følge med Stord til pause. Heimelaget leia med ett mål til kvilen. 

Andre omgang starta ikkje godt for heimelaget, lite flyt og dårlege avslutningar gav Ski mange kontringar - noko som snudde kampen. Stord klarte å komme ajour utover i omgangen, men nokre avgjerande utvisningar vart avgjørande då heimelaget tapar desse periodane med to og tre mål. Ski trakk det lengste strået til slutt og vann kampen 28-25.

Sjå kamprapporten her!

Det positive ein kan trekka ut frå kampen, er at forsvarsspelet så betre ut enn på lenge. I tillegg kjemper guttene kampen gjennom, og det er lovande å sjå at dei yngste guttene stadig tek steg i rett retning. Nå vert det jobbing med angrepsspelet for å unngå å få så mange kontringar i mot i neste heimekamp 5. november kl. 16.00 mot Bergen Vest!

Me sjåast i hallen!

Kontakt oss
Kalender