Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

Stord - Rælingen 2 27-24

18.12.2017

Damene vann haustens siste seriekamp heime mot Rælingen 2. Etter ein svak start på kampen der Stord brukte nesten 11 min på å lage det fyrste målet, snudde Stord kampen dei siste ti minutta av fyrste omgang og gjekk til pause med ei 12-9 leiing. Helene Matre stod fram som ein viktig spelar då ho kom inn og laga heile seks mål til pause.

I pausen fekk publikum besøk av julenissen som spanderte kakemenn på alle saman. Mon tru om det var den gode julestemninga som gav heimelaget eit ekstra giv i denne kampen:)

Etter at nissen hadde takka for seg, fortsatte Storddamene med Helene i spissen å ha kontroll på kampen i andre omgang og vann fortent 27-24 etter nokre mål av Rælingen på slutten. Stord kjempa godt saman, ville mest, og viste til tider både godt forsvars- og angrepsspel. 

Helene Matre vart kampens toppscorar med heile 11 mål. Sjå lagoppstillinga og dei resterande målscorarane her https://www.handball.no/system/live-kamp/?matchId=6585634 

Dagens kampen gjev trua på at Stord skal ta nye viktige poeng over nyttår. Fyrste oppgjer er heime mot topplaget Oppsal 2 den 13. januar. 

Kontakt oss
Kalender