Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

No kjem Handballskulen!

07.09.2018

Dersom du går i 1.- 6. klasse og skal være heima i haustferien, har me ein kjempegod idé til kva du kan gjera; du kan nemlig lære deg verdas kjekkaste ballspel: HANDBALL!

Noregs Handballforbund er ansvarleg for Rema 1000 sin handballskule. Skulen vert arrangert av Stord Handball i skulen si haustferieuke.  


Dette er REMA 1000 Handballskule:

Handballskulen er eit tilbod til alle, enten du allereie spelar handball, eller har lyst til å prøva for første gang. Deltakarane vert delt inn i grupper etter alder og erfaring. Handballskulen varer frå måndag 8. oktober til onsdag 10. oktober. Skulen er open frå kl. 09.00 til 15.00 alle desse dagane. Me serverer lunsj kvar dag, men det kan være lurt å ha med drikke og litt frukt som eit lite mellommåltid.

 

Dette får du:

Blir du med på REMA 1000 Handballskulen får du garantert mykje moro! I tillegg får du ein handball og ei t-skjorte av oss.

 

Påmelding:
Føresette/foreldre må melde barna på via denne linken:

https://klubbsidenhandball.nif.no/form.asp?form=xml/handballskole&initialname=gjensidige_arr_id&print=OK&initialvalue=702

Deltaking på skulen koster 500 kroner. Ein kan ikkje delta på kun ein eller to dagar. 

Har du spørsmål til skulen? Ta kontakt med Franny eller Ann-Helen på epost.

Franny Bøthner: 
franny@stordhandball.no
Ann:Helen Hareide: annhelen@stordhandball.no

Håpar å sjå deg i hallen - me gler oss!

Kontakt oss
Kalender