Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

Fana 2 vart for sterke

23.10.2017

Stord opna godt i heimekampen mot Fana 2 og leia 7-4 etter 10 min. Dei neste 10 minutta vart dessverre for Stord sin del prega av mange individuelle feil begge vegar - som gjorde at Fana 2 vann perioden 9-2 og gjekk til pause med leiing 18-12.

Stord starta friskt etter pause og spelte seg inn att i kampen, før det på ny vart for mykje individuelle feil som resulterte i alt for mange kontrings- og ankomstmål for bortelaget. Kampen enda til slutt 28-38. 

Sjølv om det vart eit stort tap mot Fana 2 var det framgang i angrepsspelet til damene. Les kamprapporten her: https://www.handball.no/system/kamper/kamp/?matchid=6585606

Me har trua på at dame gjer ein endå betre kamp mot Gneist allereie onsdag 25.oktober - og at det vil holde til siger.     

Kontakt oss
Kalender