Arego
Stord IL - Handbal
Støtt oss

Bjørnar - Stord 20-29

06.11.2017

På lørdag reiste damelaget til Indre Arna for å møte tabellnabo Bjørnar. Med ein tung start for begge laga så langt i sesongen var det ein svært viktig kamp for både Stord og Bjønar.

Fyrste omgang var jamn kor begge laga veksla på å leie kampen. Med godt forsvars- og målvaktsspel leia Stord 11-10 til pause. I andre omgang gjekk Stord ut i stort tempo, samstundes som dei klarte å redusere talet tekniske feil. Det resulterte i mange kontra- og ankomstmål av løpsvillige kantar. Damene viste ei flott innstilling mot Bjørnar, og kriga i land ein 29-20 siger.

Med eit hardtarbeidande forsvar føre seg, vart Merete Auestad kåra til banens beste av den lokale juryen, medan Mathilde Fosse og Sylvia Linn Jonsson vart mestscorande for Stord med sju mål kvar.

Sjå kamprapporten her: https://www.handball.no/system/kamper/kamp/?matchid=6585611

Gledeleg for Stord var også at Helene Matre var tilbake i Storddrakta. Kampen mot Bjørnar og Helene sitt comeback styrkjer trua på nye poeng i damene sin neste kamp borte mot Fyllingen 15. november!

Kontakt oss
Kalender