Velkommen til ny sesong for "gamle" og nye handballspelarar. Dei fleste laga er no starta opp med trening. Treningstidene er publisert under Ungdomsavdelingen i menyen til venstre på heimesida.
I år startar handballgruppa opp lag for to nye årsklassar. Jenter og gutar født i 2001 og 2002. J/G 2001 skal trena i Rackethallen på fredagar kl. 18-19. Til denne gruppa manglar me trenarkrefter, og me kjem difor attende med ei kunngjering kor tid dei startar opp. J/G2002 trenar i Rackethallen på måndagar kl.17-18 og har starta opp.
Det er sjølvsagt og anledning til å byrje på handball for dei som er eldre enn dette og. Sjå på treningstidene og møt opp! (G/J10 f. 2000, G/J11 f. 1999 osv.)
For spørsmål kan de kontakte Rune K. Pedersen på tlf. 92062737. Dette gjeld og om det er nokon som kan tenke seg å bidra på trenarsida.