Ingen semifinale på Stordherrene!
Så nære - men Arendal på heimebane blei for sterke for Stord i kveld - etter 1.omgang var heimelaget i føringa med 1 mål. Utover i 2.omgang så drog dei litt og litt frå - og sluttresultatet blei 26 - 20. Dermed rauk Stord ut av sluttspelet for i år. No har dei starta den lange bilturen heim til Stord att og oppkjøringa til ein ny sesong! Utanom Arendal så er Fyllingen, Runar og Elverum klare for semifinale i Drammen neste helg. Vertsklubben - Drammen- blei slått ut av Fyllingen.










