Stord med 3 mål å gå på over Arendal
Onsdag kveld vart det ein spennande handballduell mellom Stord og Arendal i første kvartfinalerunde. Stord hadde litt å revansjera frå sist laga møttest på Vikahaugane. Kampen blei gjevn og spennande for dei 500 frammøtte.
Tor Christian blei ein viktig brikke i seieren da han kom innpå og gjorde ein glitrande jobb mellom stengene - og det etter 2/3 døgn i buss frå Romania og EM kvalifisering med juniorlandslaget.
Ingmar og Øyvind vart mestscorande med 8 mål kvar. Stord gutar 18 og Tysnes gutar 12 var kveldens innløpslag. Russen og Gorillaberget sytte og for god stemning i hallen.
Allereie lørdag reiser Stordherrene retning Arendal og siste - avgjerande kamp i kvartfinalen som går søndag kl. 18.00! Dette kan gå veien - men det blir ein tøff jobb å stoppa Preben Vildalen og Arendal heime.











