J16 storspelte mot Åsane

J16 storspela då Åsane vitja Vikahaugane onsdag kveld for å spela kvartfinale i mellomspelet i regionsmeisterskapen.
Det vart lite kvile på J16, som seint måndag kveld kom heim etter flott innsats i påsketurnering i Frederikshavn. Onsdag kveld var dei i elden att med Åsane som motstandar i kampen om ein semifinaleplass i regionssluttspelet. Åsane starta godt med høgt tempo, og gjekk kjapt opp i ei 3-0 leiing. Dei kvite og svarte jobba seg inn i kampen, og etter 10 min. var stillinga 7-7. Etter dette tok Stordjentene skikkeleg tak i forsvarsarbeidet, og slapp berre inn to mål resten av omgangen. Framover på bana var Stordjentene godt organisert og gode i kontraspelet. Stillinga til pause var 16-9. Andre omgang heldt fram der første slutta, med Stord i førarsete, og sigeren vart til slutt så klar som 33-20.
Trenar Andreas Berntsen oppsummerar storsigeren mot ein god motstandar som uventa og årsbeste av J16. No ventar Fyllingen i semifinalen torsdag eller fredag.
Stord - Åsane 33-20 (16-9)
Målscorarar Stord:
Mathilde Årvik Nysæther 11
Janne Haga Almås 5
Maria Haga 5
Malene Nordhus 4
June Charlotte Åkra 4
Karoline Hinderaker Pedersen 2
Brita Emmerhoff Hvidevold 2
Utvisningar Stord 3x2 min.










